Altinn gir rekordinnsparing for næringslivet
– Dette viser kor viktig det er at næringslivet jobbar digitalt, og at Altinn er ei viktig brikke i det arbeidet. Det viser også at det løner seg å bruke gode, digitale løysingar. At Altinn heilt frå starten i 2004 har gjort det mogleg for bedriftene å rapportere direkte frå eigne datasystem, har vore heilt avgjerande. Mange land misunner oss slike løysingar, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
3600 leiarar
Over 3600 næringslivsleiarar over heile landet deltok i undersøkinga, som Opinion utførte på vegner av Digitaliseringsdirektoratet i august. Bedriftsleiarane som vart intervjua, representerte både små, mellomstore og store bedrifter fordelt på ulike bransjar.
På spørsmål om dei kan seie kor mykje tid bedrifta sparer på kvar enkelt innrapportering gjennom Altinn, svarer bedriftsleiarane i gjennomsnitt 149 minutt – eller i praksis 2½ time. Med over 14 millionar innrapporteringar frå næringslivet i 2019 og ein timekostnad på 600 kroner, svarer dette til ei årleg innsparing på 15,9 milliardar kroner.
Blir bekrefta av Verdsbanken
Resultatet frå Altinn-undersøkinga blir underbygd av den årlege Paying Taxes-undersøkinga som PwC utfører på vegne av Verdsbanken i 190 land. Der går det fram at ei referansebedrift i gjennomsnitt bruker 79 timar på skatte- og avgiftsrapportering i Noreg kvart år. Til samanlikning vil den same bedrifta bruke 132 timar i Danmark, 175 timar i USA og 218 timar i Tyskland – og over 1500 timar i Brasil. Her snakkar vi altså om sparte vekesverk for norsk næringsliv – og det berre på skattemelding, mva-rapportering, forskotstrekk og arbeidsgivaravgift. Ei rekke andre skjema kjem i tillegg.
– Forenklinga som Altinn har tilbydt næringslivet i over 15 år, er heilt unik i verdssamanheng. Den gjer at norske bedrifter kan bruke meir tid på verdiskaping, utvikling og innovasjon og mindre tid på byråkrati og rapportering. Utviklinga og forbetringa av Altinn er ein viktig del av regjeringas forenklingsarbeid, seier næringsminister Iselin Nybø.
Kan bli enda betre
Digitaliseringsdirektoratet overtok ansvaret for Altinn frå Brønnøysundregistra 1. januar 2020. Digitaliseringsdirektør Steffen Sutorius fortel at første versjon av ei heilt ny skybasert Altinn-plattform vart sett i produksjon i juni.
– At næringslivet opplever store innsparingar ved å nytte Altinn, er svært gledeleg. Likevel er vi på ingen måte i mål. Andre land satsar stort på digitalisering og forenkling og pustar oss i nakken. Dersom norsk næringsliv skal halde på forspranget, må vi fortsette satsinga på Altinn og andre brukarvennlege fellesløysingar. Vi har store ambisjonar for den nye Altinn 3-plattforma og våre andre fellesløysingar som vil vere viktige byggeklossar for å realisere ambisjonane i regjeringas digitaliseringsstrategi, seier Sutorius.
Deler æra
Digitaliseringsdirektøren peiker på at Altinn må dele æra for dei formidable innsparingane med alle tenesteeigarane i Altinn-samarbeidet, ikkje minst Skatteetaten.
– Rekneskapsførarane, revisorane og systemleverandørane til næringslivet skal også ha stor del av æra for at arbeidsflyt og dataflyt ved økonomisk innrapportering har vorte tidssparande. Og sist, men ikkje minst skal næringslivet ha ros for at nesten 100 prosent av verksemdene og næringsdrivande har teke i bruk det digitale økosystemet for rapportering via Altinn, understrekar Sutorius.
Spørjeundersøkinga vart utført av Opinion for Digitaliseringsdirektoratet i august 2020 for å undersøke korleis norske bedrifter opplever bruken av Altinn.
3606 daglege leiarar frå små, mellomstore og store bedrifter over heile landet svarte på eit spørjeskjema på nett.
95 prosent av dei spurde svara at bedrifta nyttar Altinn til innrapportering til det offentlege. Åtte av ti er nøgde eller svært nøgde med Altinn, og sju av ti svarer at verksemda sparer tid ved å nytte Altinn til rapportering.
7 faktorar som sparer tid for bedriftene
- At innsending skjer elektronisk og erstattar frankering/posthandtering
- At Altinn gir bedrifta eit eige arkiv over skjema som er sende inn, og mottatte meldingar frå det offentlege samla på same stad
- At Altinn automatisk gir rettar til å representere bedrifta til personar som har roller i Einingssregisteret i Brønnøysundregistra, som dagleg leiar, styremedlemmer, rekneskapsførar og revisor.
- At dei næringsdrivande finn alle rapporteringsplikter samla på ein plass
- At dagleg leiar kan delegere rettar på bedriftas vegne til både eigne tilsette og innleidde ressursar
- At Altinn kan integrerast med bedriftas med eller rekneskapsførars/revisors eigne datasystem, slik at dei kan logge inn, fylle ut skjema, signere og sende inn frå for eksempel rekneskapssystemet og lønns- og personalsystemet
- At Altinn tilbyr arbeidsflyt mellom dagleg leiar, rekneskapsførar og revisor og gir status på kor oppgåva ligg i arbeidsflyten
I tillegg til innsparingane ved innrapportering har Finans Norge rekna ut at den samfunnsøkonomiske gevinsten er på 25 milliardar kroner over 10 år for samtykkebasert lånesøknad (som nyttar samtykke-funksjonaliteten i Altinn) og at bankar og meklarar kan kommunisere via Altinn i løysinga for digital eigedomshandel. Dette er eit resultat av DSOP-samarbeidet (Digital Samhandling Offentleg – Privat).
Til redaksjonen:
Foto av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland: https://www.regjeringen.no/no/dep/kmd/org/distrikts--og-digitaliseringsminister-linda-hofstad-helleland/id2687557/?vis=bilder
Foto av næringsminister Iselin Nybø: https://www.regjeringen.no/no/dep/nfd/organisation/naringsminister-iselin-nybo/bilder-av-iselin-nybo/id2687483/
Foto av Digitaliseringsdirektoratets direktør, Steffen Sutorius: https://www.flickr.com/photos/digdir/albums/72157712471857771
Ved spørsmål om undersøkinga, ta kontakt med:
Jørgen Ferkingstad
Kommunikasjonsansvarleg Altinn
Digitaliseringsdirektoratet
Mob: 90 64 84 35
E-post: jfe@digdir.no
iselin Nybø - foto NFD.jpg 1,94 MB (1560x2235)
Steffen Sutoris - foto Digdir.jpg 83,71 kB (1183x783)